Framsida
Meny
Framsida
Reiseplanlegging
Løypeinfo
Utleige Ternebu
Vaktlister 2026
Skirenn
Bildegalleri
Resultatlister
Aktivitetar i Ternen
Sponsor
Medlemskontigent
Møter
Grasrotandel
Ternendress
DUGNAD
Nyhende
Dagens bilete
Hausten er komen til dalen
Linker

Kioskvakter for 2026

Klikk på bilete for full storleik
 
Me set stor pris på at ein deler av si tid til å skape ei positiv oppleving og gode minner for små og store.

Minner om at ein sjølv er ansvarleg å byte innbydes dersom tidspunktet ikkje høver.

Nøklar heng i kodeboks på veggen. Kontakt Håkon (90968737) eller Julie (97738651) for kode.
 

Generelt 

  • Det finnes ferdig vaffelrøra for dei som ikkje klarer å lage på eigahand eller etter oppskrifta som heng på skapdøra. Ingrediensar i kjøleskap og i skuffa under disken.
 
  • Kok kaffi, sett fram ei mugge med vatn og saft, sett fram frukt, sjokolade, toddy/kakao, det me har for sal. Me prøver å etterstreba eit litt sunnare kosthald.
     
  • Tekokaren står framme så folk kan koka etter kvart til kakao/toddy/te.
  •  
  • Ein kan gjerne ta med noko ein har baka sjølv og selge viss ein vil.
  •  
  • Ein har ansvar for at de ter nok papir på toaletta, bossposar i spanna, og hyggeleg i Ternebu. Papir er på kottet i gongen.
  •  
  • Ein skal vaske av alle borda, setje opp stolar og vaske over golv,   toalett, og sjå til at loftet er ryddig.
  •  
  • Brukte oppvaskhandklede/klutar og moppar vert samla opp og sett på i kjellaren.
  •  
  • Bosset skal ned til kontaineren i kryssen, heilt nede på hovudvegen før Ølfernes.
  •  
  • Vekslepengar får ein etter avtale, det skal ikkje liggje for mykje pengar att i kassen- ca 500 kr i smått og litt stort skal til ei kvar tid liggje i boksen, men aldri meir. Marius Grønstøl tek imot større summar og sett det in på Ternen sin konto.
  •  
  • Matvarer som manglar, må meldast til nestemann på lista som kan handle inn og setjast på: IL Ternen på Spar Valen, eller gi melding til Julie (97738651).
  •  
  • Kjekt at de gjev oss litt av di tid til å halda Ternebu open - det er gull verdt for å skapa ein positiv og god stemning i dalen.
     


    Tusen takk til alle!


    For styret,

    Iver Andreas Blokkum

    -leiar-

     
     
    Vaktliste for sesong 2026
     
     
      Tilbake

     
    Siste nyhende
    16.04.2026
    Referat frå årsmøtet 15.04.26;

    IL Ternen har fått ny leiar. På årsmøtet 15. april 2026 vart Julie Holmedal Askeland, einstemmig valt til å ta over leiarskapet i klubben. Ho vart først valt som møteleiar for årsmøtet, før ho seinare blei foreslått frå benken og deretter valt som ny leiar av klubben.Julie har i mange år vore ein sentral ressurs i Ternen, både i styrearbeid, organisering, prosjektutvikling og som pådrivar for inkluderande aktivitetar. Valet vart godt tatt imot av medlemmane, og årsmøtet uttrykte stor tillit til at ho vil vidareutvikle klubben i ei tid med både vekst og nye satsingar.

    StyrevalÅrsmøtet gjorde fleire val og gjenval:
    •Julie Holmedal Askeland – ny leiar
    •Olav Sindre Holmedal – nytt styremedlem (2 år)
    •Johannes Heien – gjenval (2 år)
    •Magne Heien og Iver Blokkum– varamedlemmar
    •Torgeir Rusten og Yngvar Skarveland går ut av styret.Me takkar for innsatsen og ynskjer nye styremedlemmer velkomen på laget.

    Kort oppsummering av årsmøtet:

    Økonomi og budsjettRekneskapen for 2025 blei godkjent, og budsjettet for 2026 vart godkjent etter ei lita redigering mtp. dreneringsarbeid i traseen. Det kom innspel om investeringar i breiare løypetrase på sørvestsida av vatnet, oppgradering av bruer og mogleg omlegging av traseen før Sveabakken, dette må sjåast på i eit lengre perspektiv, men styret tek innspelet med vidare.

    Anlegg og løypearbeidÅrsmøtet vedtok å investere i:
    •flislegging i siste del av løypetrase
    •bruk av gravemaskin for å leggje nye røyr i samband med drenering
    •ferdigstille arbeid med neveplast-prosjektet etter påfyll av flis.
    •ferdigstille fellesarealet i tråd med planen på søkte midlar
    •avvente sal av utstyr til ein har kartlagt behovet
    •jobbe systematisk med kartlegging og utsjekk mtp. innkjøp av snøproduksjonsutstyr.

    Aktivitet og rekruttering
    •Gratis deltaking på barneskirenn/løp for barn opp til 12 år
    •Forslag om å arrangere felles Ternen-buss til større skirenn som t.d. Birken, dette skal styret jobba vidare med.
    •Iver lanserte idé om sosial løpetrening annakvar veke med oppstart til hausten.
    •Johannes følgjer opp forslag om familieterrengløp i løypetraseen i Tveitedalen - november 2026.
    •I tillegg melde Magne og Iver seg som trenarar for vaksen-skitrening parallelt med barneskitreninga.

    Utstyr og satsing på barn og ungeÅrsmøtet vedtok å setje av 100 000 kroner til innkjøp av rulleskiutstyr for barn – eit viktig tiltak for å styrke rekruttering og aktivitet heile året.

    Jubileumsfeiring - Ternen 50 år!Det vart drøfta fleire idear for markering av jubileet, mellom anna i samband med løp rundt Erslandsvatnet i september og mogleg kombinere eit nytt terrengløp i Tveitedalen med ein jubileumsfest på Utåker bygdahus i starten av november. Styret jobbar vidare med planlegging.

    Ei framtidsretta retning for IL TernenMed ny leiar og eit engasjert styre ser IL Ternen fram mot eit aktivt år med fokus på utvikling, rekruttering, meistring og gode opplevingar for både barn, unge og vaksne i bygdene våre.
    12.03.2026
    TERNENBASAR 22.MARS
    Idrettslaget Ternen invitere til årets Ternenbasar i Utåker bygdahus, sundag 22.mars kl.15.

    Program:

    ·       Åresal
    ·       Trekning av bøker(boklotteri)
    ·       Trekning turbøker
    ·       Div. informasjon frå Idrettslag



    Gratis kaker og kaffi



    Me håpar du har lyst til å koma å tilbringa ein ettermiddag saman med gode sambygdingar.


    Dersom du ynskjer å kjøpa lodd kan du vippsa til Julie (97738651), så fører ho deg inn i loddbøkene våre.
    12.03.2026
    Årsmøte 2026

    Styret kallar med dette inn til årsmøte i IL Ternen, onsdag 15.april kl.18.00, i Ternebu.Saker som du/de meiner bør bli tatt opp på årsmøtet, må meldast i frå til styret innan onsdag 01.04.26
    Send e-post til:
    julie.askeland80@gmail
    hakonaskeland75@gmail.com

    eller ring/send sms:
    Julie H.Askeland: 97738651
    Håkon Askeland: 90968737

    Fullstendig saklista med alle saksdokumenter vil bli gjort tilgjengeleg på årsmøtet.

    Velkomen til årsmøte!
    Med vennleg helsing
    Styret 
    14.04.2025
    Årsmøte
    Årsmøte Utsatt til MANDAG 12.05.25
    16.02.2025
    Kvinnheradmeisterskap 23.02.25

    Idrettslaget Ternen inviterer til Kvinnheradkarusellen og Kvinnherameisterskap på ski i klassisk stil, 23.februar kl.13.00
    Stad:                    Tveitedalen
    Stilart:                  Klassisk, intervallstart enkelstart.
    Påmelding:           Kvinnheradmeisterskap på ski, Tveitedalen 23.02.25
    IL Ternen  -  Telefon: 97738651 (Julie H.Askeland)  ilternen@gmail.com  Org.Nr 983 759 572
    Dynamiske websider: iDrift AS