 |
|
| | Grasrotandelen- TernenGrasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan velge eitt lag eller ein forening som du ynskje å støtta - din Grasrotmottaker. Vi oppfordrar deg til å støtta oss i il Ternen og arbeidet me legg ned i Tveitedalen skisenter og aktivitetar for små og store i bygdene våre! Tenk deg at du kan spele favorittspela dine - Lotto, Tipping og Joker til dømes - og samtidig gje noko meir til det laget eller den foreninga du sjølv ynskjer å støtte. Dette er nå mogleg via Grasrotandelen. Ved spel hos Norsk Tipping vil 5 % av innsatsen gå direkte til ditt lag eller forening (gjelder ikkje Extra og Flax). Merk at Grasrotandelen ikkje går ut over innsatsen eller premien din - du vert ikkje belasta noko for å vere grasrotgjevar. Du treng Norsk Tipping Spillerkort for å knytta deg til Grasrotandelen. Spelekort får du kjøpt hos kommisjonær, eller du kan tinga det på www.norsk-tipping.no. Vi oppfordrar deg til å knytta deg til ordninga allereie i dag, og du gjere det på ein av følgande måtar: Hos Kommisjonær: Ta med deg strekkoden og ditt spelarkort til ein av Norsk Tippings mange kommisjonærar. SMS: GRASROTANDELEN 983759572 til 2020 (tenesten er gratis). Internett: grasrotandelen.no eller norsk-tipping.no. Norsk Tipping Mobilspill.
Meir informasjon finns på www.grasrotandelen.no. Her vil du og kunne følgje med på kor mykje Grasrotandelene genererar for dei enkelte Grasrotmottakarane. Takk for at du støttar oss! | | | | | |
| |
|
Eldre nyhende | | | | 19.01.2023 | Open nettbutikk | Vi har no opna nettbutikken fram til 29.01.23.
| | 26.10.2022 | Nye sponsorar 2022-2024 | Me i IL Ternen er så heldige at me har inngått sponsoravtale med 9 stk lokale bedrifter. Vi er både takksam og audmjuk, ettersom dette bidrar til at vi kan forsetje arbeidet vårt med å tilby eit lågterskeltilbod for Kvinnherad kommune sine innbyggjarar, og ikkje minst tilby flotte løyper i dalen på vinteren. | | 03.10.2022 | Medlemskap i Ternen | Lyst til å bli medlem i klubben vår? Les vidare for meir info... | | 01.10.2022 | BASAR 23.10.22 | Årets Ternen-basar vert søndag 23.10.22 kl.15.00 i Skarveland Skule | | 12.09.2022 | Erslandsvatnet rundt 24.09.2022 | Det vert Erslandsvatnet rundt, laurdag 24.09.22
| | | | |
|
IL Ternen - Telefon: 90 87 57 37(Gro) ilternen@gmail.com Org.Nr 983 759 572 |
|
Dynamiske websider: iDrift AS |