Framsida
Meny
Framsida
Reiseplanlegging
Løypeinfo
Utleige Ternebu
Vaktlister 2026
Skirenn
Bildegalleri
Resultatlister
Aktivitetar i Ternen
Sponsor
Medlemskontigent
Møter
Grasrotandel
Ternendress
DUGNAD
Nyhende
Dagens bilete
Hausten er komen til dalen
Linker

Leigepriser

Klikk på bilete for full storleik
Fint pynta til bryllaup
 
500,- kr dagsleige

1500,- dagsleige inkl.overnatting

2000,- kr for ei helg (fredag-søndag)

Prisane føreset utvask + at søppel vert frakta til søppelkontainer i avkjøringa frå R48.

Minner om at dette er eit lagshus, og ein kan difor ikkje forvente at det er 100% reint til ei kvar tid. Me driv på dugnad, men prøver å etterstrebe eit godt og vedlikehalde hus.

Dersom de treng hjelp er prisane som følgjer:

kr 5000,- for utvask



 
Klikk på bilete for full storleik
Det er eit enkelt, men koselig lokale med mulighet til å dekke til ca 50 mann.
 
Mange muligheter
Kvit serivce:
 
MiddagstallerkarFrukosttellerkar
Kaffiserivce,
Raudvinsglas 50
Kvitvinsglas 50
Vatnglas 50
Serveringsbestikk,
Serveringsfat, 6 stkServerings skåler
Gaflar, knivar, skeier, t-skeier
Kakespadar,  5 stk
Vatnkaraffel, 8 stk
T-lysestakar, enkle
Svarte smijern til lys
Tyttebærskåler
 
Diverse anna utstyr
 
Manglar det noko utstyr, gje beskjed!
 
Betal inn på kontonr: 3460  07 53586 eller vipps #124127
 
Line S.Holmedal har ansvar for utleige. Mobilnr. 93027871
Det er ikkje lov å tinga huset meir enn 1 år i forvegen. Styret og dei som jobbar frivillig i Ternen har prioritet ved utleige til konfirmasjon og liknande.
 
 
For styret, Julie H.Askeland
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
16.04.2026
Referat frå årsmøtet 15.04.26;

IL Ternen har fått ny leiar. På årsmøtet 15. april 2026 vart Julie Holmedal Askeland, einstemmig valt til å ta over leiarskapet i klubben. Ho vart først valt som møteleiar for årsmøtet, før ho seinare blei foreslått frå benken og deretter valt som ny leiar av klubben.Julie har i mange år vore ein sentral ressurs i Ternen, både i styrearbeid, organisering, prosjektutvikling og som pådrivar for inkluderande aktivitetar. Valet vart godt tatt imot av medlemmane, og årsmøtet uttrykte stor tillit til at ho vil vidareutvikle klubben i ei tid med både vekst og nye satsingar.

StyrevalÅrsmøtet gjorde fleire val og gjenval:
•Julie Holmedal Askeland – ny leiar
•Olav Sindre Holmedal – nytt styremedlem (2 år)
•Johannes Heien – gjenval (2 år)
•Magne Heien og Iver Blokkum– varamedlemmar
•Torgeir Rusten og Yngvar Skarveland går ut av styret.Me takkar for innsatsen og ynskjer nye styremedlemmer velkomen på laget.

Kort oppsummering av årsmøtet:

Økonomi og budsjettRekneskapen for 2025 blei godkjent, og budsjettet for 2026 vart godkjent etter ei lita redigering mtp. dreneringsarbeid i traseen. Det kom innspel om investeringar i breiare løypetrase på sørvestsida av vatnet, oppgradering av bruer og mogleg omlegging av traseen før Sveabakken, dette må sjåast på i eit lengre perspektiv, men styret tek innspelet med vidare.

Anlegg og løypearbeidÅrsmøtet vedtok å investere i:
•flislegging i siste del av løypetrase
•bruk av gravemaskin for å leggje nye røyr i samband med drenering
•ferdigstille arbeid med neveplast-prosjektet etter påfyll av flis.
•ferdigstille fellesarealet i tråd med planen på søkte midlar
•avvente sal av utstyr til ein har kartlagt behovet
•jobbe systematisk med kartlegging og utsjekk mtp. innkjøp av snøproduksjonsutstyr.

Aktivitet og rekruttering
•Gratis deltaking på barneskirenn/løp for barn opp til 12 år
•Forslag om å arrangere felles Ternen-buss til større skirenn som t.d. Birken, dette skal styret jobba vidare med.
•Iver lanserte idé om sosial løpetrening annakvar veke med oppstart til hausten.
•Johannes følgjer opp forslag om familieterrengløp i løypetraseen i Tveitedalen - november 2026.
•I tillegg melde Magne og Iver seg som trenarar for vaksen-skitrening parallelt med barneskitreninga.

Utstyr og satsing på barn og ungeÅrsmøtet vedtok å setje av 100 000 kroner til innkjøp av rulleskiutstyr for barn – eit viktig tiltak for å styrke rekruttering og aktivitet heile året.

Jubileumsfeiring - Ternen 50 år!Det vart drøfta fleire idear for markering av jubileet, mellom anna i samband med løp rundt Erslandsvatnet i september og mogleg kombinere eit nytt terrengløp i Tveitedalen med ein jubileumsfest på Utåker bygdahus i starten av november. Styret jobbar vidare med planlegging.

Ei framtidsretta retning for IL TernenMed ny leiar og eit engasjert styre ser IL Ternen fram mot eit aktivt år med fokus på utvikling, rekruttering, meistring og gode opplevingar for både barn, unge og vaksne i bygdene våre.
12.03.2026
TERNENBASAR 22.MARS
Idrettslaget Ternen invitere til årets Ternenbasar i Utåker bygdahus, sundag 22.mars kl.15.

Program:

·       Åresal
·       Trekning av bøker(boklotteri)
·       Trekning turbøker
·       Div. informasjon frå Idrettslag



Gratis kaker og kaffi



Me håpar du har lyst til å koma å tilbringa ein ettermiddag saman med gode sambygdingar.


Dersom du ynskjer å kjøpa lodd kan du vippsa til Julie (97738651), så fører ho deg inn i loddbøkene våre.
12.03.2026
Årsmøte 2026

Styret kallar med dette inn til årsmøte i IL Ternen, onsdag 15.april kl.18.00, i Ternebu.Saker som du/de meiner bør bli tatt opp på årsmøtet, må meldast i frå til styret innan onsdag 01.04.26
Send e-post til:
julie.askeland80@gmail
hakonaskeland75@gmail.com

eller ring/send sms:
Julie H.Askeland: 97738651
Håkon Askeland: 90968737

Fullstendig saklista med alle saksdokumenter vil bli gjort tilgjengeleg på årsmøtet.

Velkomen til årsmøte!
Med vennleg helsing
Styret 
14.04.2025
Årsmøte
Årsmøte Utsatt til MANDAG 12.05.25
16.02.2025
Kvinnheradmeisterskap 23.02.25

Idrettslaget Ternen inviterer til Kvinnheradkarusellen og Kvinnherameisterskap på ski i klassisk stil, 23.februar kl.13.00
Stad:                    Tveitedalen
Stilart:                  Klassisk, intervallstart enkelstart.
Påmelding:           Kvinnheradmeisterskap på ski, Tveitedalen 23.02.25
IL Ternen  -  Telefon: 97738651 (Julie H.Askeland)  ilternen@gmail.com  Org.Nr 983 759 572
Dynamiske websider: iDrift AS