Framsida
Meny
Framsida
Reiseplanlegging
Løypeinfo
Ternebu
Vaktlister 2018
Skirenn 2018
VARDEN OPP 2017
Postvegløpet 2018
BIDRAG
BIRKEN 2017
PLANAR
Bildegalleri
Resultatlister
Aktivitetar i Ternen
Sponsor
Medlemskontigent
MØTER
Ferdige prosjekter
GRASROTANDELEN
TERNENDRESSEN
Nyhende
Dagens bilete
Glimt frå Kvinnherad meisterskap 2018
Linker

Rapportering

Klikk på bilete for full storleik
 
Vi ynskjer å takke våre sponsorar for økonomiske bidrag. Utan desse hadde me ikkje hatt mulighet til å vidareutvikla anlegget vårt og fått utstyr til store og små. Skileikarenaen er no ferdigstilt, og løypemaskina er no på  plass, men det er med snøen me får sjå den i alle sin prakt.
 
Klikk på bilete for full storleik
TUSEN TAKK TIL VÅRE BIDRAGYTERAR UTAN DÅKE HAR ME IKKJE MOGLEGHEIT Å BYGGA OPP OG REHABILITERA TVEITEDALEN SKISENTER.
 

Nye draktar:

Marine Harvest har sponsa oss med 10 000 kr til fotballdraktar!

 

Marine Harvest har sponsa oss med kr 75 000 til oppgradering av løypetraseèn

Dette arbeidert er påbyrja med utbetring av ei sløyfe rundt Heiabakken. Denne bakken er for mange ein skummel bakke å kome seg ned, så me har laga ei meir barnevennleg sløyfe rundt. Her har me sagd ned tre, grøfta med gravemaskin og drenert i myra.

 
 

Tusen takk til dugnadskoret for sponsing av bålpanne til dalen.

 
 

Sluttrapport Skileikarena: 

Byggservice har sponsa oss med 150 000 kr til skileikarena

 

Hauge transport har sponsa med dumper og transport

Sr-bank har støtta oss med 80 000 kr til skileikarena

 

Takk til alle dei frivillige som har jobba dugnad- de er gull verdt!

 

Skileikarenaen er no ferdigstilt, utan at me fekk testa ut tilhøva i vinter då me mangla snø. Pengegåva og arbeidtida har gått til å drenera grunnene og laga røyrgater til å transportere vatn ut av myra og få lagt på fyllmasser til å flata ut dei brattaste partia, samt byggje opp hoppbakken og slalåmpartiet og akepartiet. Utstyr er kjøpt inn til å montera når snøen kjem, så me vil få både portar, tunnel og orgeltramp på plass når snøen kjem. Me jobbar i desse dagar med å få til ein fleirbruksarena med tanke på sommarhalvåret.

 

Sluttrapport løypemaskin:

Sr-bank har støtta oss med med 50 000 kr til løypemaskin

Spar Sæbøvik har sponsa oss med 30 000 kr til løypemaskin

NSF har sponsa oss med midlar- 80 000 kr til løypemaskin


Løypemaskina er no kjøpt inn og vil verta teken i bruk så snart snøen kjem. I desse dagar jobbar me med å få den inn i hus. Det er lånt opp eit mindre beløp for å finansiera heile maskina.

 

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
20.09.2018
BASAR 2018 - 23.09

Den årlege Ternenbasaren vert søndag 23.09 kl.1600 i Skarveland Skule.
Gevinster kan leveres Gro, Ingvill eller Julie.
Me håpar små og store tek turen og lagar ein koseleg ettermiddag saman med gode sambygdingar.
Det vert sal av årer, trekking av loddbøker samt turbøker og servering av kaker, kaffi og saft.
Vi tek vipps og kontanter.


Velkomen skal du vera :)


-Komiteen-
01.03.2018
Kvinnherad Meisterskap 2018



Her finn de link for påmelding til årets Kvinnherad Meisterskap 2018:

https://signup.eqtiming.no/?Event=IL_Ternen

20.01.2018
VIPPS

Vi har nå fått vipps som betalingsalternativ
Vippsnr.124127




07.01.2018
VAKTLISTENE ER KLARE

Då er årets vaktliste klare.
Me håpar alle som er sett opp kan bidra til fellesskapet og skape god stemning i buo.
Du finn lista under vaktlister 2018.


Dersom vakta di ikkje passar, set vi pris på at de byter innbyrdes.


På førehånd takk :)



26.11.2017
Erslandsparken fekk 150000
Erslandsparken fekk 150 000 kroner i gåve frå Sparbanken Vest
IL Ternen  -  Telefon: 90 87 57 37(Gro)  grors75@gmail.com  Org.Nr 983 759 572
Dynamiske websider: iDrift AS