Framsida
Meny
Framsida
Reiseplanlegging
Løypeinfo
Utleige Ternebu
Vaktlister 2025
Skirenn 2024
Bildegalleri
Resultatlister
Aktivitetar i Ternen
Sponsor
Medlemskontigent
Økonomisk bidrag
Møter
Grasrotandel
Ternendress
DUGNAD
Nyhende
Dagens bilete
Hausten er komen til dalen
Linker

Medlemskontingent 2025

MEDLEMSKONTIGENT 2025

Som sikkert fleire har registrert er det ikkje blitt sendt ut medlemskontigent dei siste åra i Ternen. Dette heng saman med eit nytt digitalt system og nye krav, men no har vi starta arbeidet. I samband med dette treng vi no å registrere medlemmer, og må difor ha e-postadresser og telefonnummer til dei som ynskjer å vera medlemmer hjå oss.
Vi håpar sjølvsagt mange framleis har lyst til å vera medlem hjå oss framover.
 

Prisar er som følgjer;

Aktiv familie: Kr 500,-

Aktiv enkeltmedlem: Kr 300,-

Støttemedlem familie: Kr 300,-

Støttemedlem enkel: Kr 100,-

 

For å registrere deg kan du enten følgje denne lenka:

 
https://medlemskap.nif.no/25261 (kopier og lim inn i web-lesaren),
 

eller skrive opp namn, tlf.nummer og mail-adresse å sende på messenger til Ternen eller til mob.nr 977 38 651 (Julie).Du får då tilsendt invitasjon på medlemskap i Ternen.

Vi set stor pris på alle som ynskjer å vera medlem, samt støtte oss slik at vi kan bidra med lågterskeltilbod gjennom heile året, og ikkje minst ha flotte skiløyper vinterstid. 

I tillegg heng medlemstalet saman med støtte/tilskot frå statlege organ.

 

På førehand takk

 

VIKTIG!

Dersom ein ynskjer aktiv familie må alle i familien (under 18 år) registrerast slik at vi kan koble saman familiemedlemmer og sende ut aktiv familiekontingent.
Ungdom over 15 år er sjølv aktiv brukar i mindrett.no

 
 

                                

 
 
 
  Tilbake

 
Eldre nyhende
16.02.2025
Kvinnheradmeisterskap 23.02.25

Idrettslaget Ternen inviterer til Kvinnheradkarusellen og Kvinnherameisterskap på ski i klassisk stil, 23.februar kl.13.00
Stad:                    Tveitedalen
Stilart:                  Klassisk, intervallstart enkelstart.
Påmelding:           Kvinnheradmeisterskap på ski, Tveitedalen 23.02.25
24.01.2025
Medlemskontingent 2025
Det er no sendt ut medlemskontingent for 2025 til dei som er registrerte i MinIdrett. Men me registrerer at det framleis er mange som ikkje har fått registret seg, så me får difor ikkje eit reelt medlemstal. Håpar difor dei som ynskjer og meiner ein tilhøyrer IL Ternen om å melde seg inn.

Det ligg informasjon på fana - medlemskontingent.

Spør gjerne om ein treng hjelp :)

På førehand takk!
19.01.2025
Basar 9.mars 2025
Heisann gode sambygdingar!
Årets Ternen-basar vert 9.mars kl.15.00. Set av datoen!Me håpar mange ynskjer å bidra med gevinster til årets basar Dette er ei viktig inntekt i klubben for å kunne oppretthalde eit variert lågterskeltilbod Gevinster kan leverast til Iver Andreas Blokkum , Vibeke Skåle eller Julie Holmedal Askeland.

Alle aktive medlemmer må levere minst 1 gevinst Bøker vert snart delt ut etter områder (som tidlegare) for loddsal. Håpar på positiv respons og engasjement rundt loddsalet Me er svært takksame for alle som bidrar.Kjem tilbake til kva anna hjelp me treng når det nærmar seg
28.10.2024
Dugnad i Ternebu
Dugnad i Ternebu!!
Måndagar 16.30-21.00

No har me komt godt igang med oppussing av kjøkken samt ombygging/oppussing av toaletta i hovedetg. Der me no får eit toalett som skal vera open 24/7 for alle som nyttar dalen året rundt. 

Har du mulighet å vera med å hjelpa? 

Ta kontakt med Iver Andreas Blokkum 95223888
12.09.2024
Erslandsvatnet rundt 21.09.24

Velkomen til Erslandvatnet rundt, laurdag 21.09.24


Det blir start ved Skarveland skule mellom kl.09.30-10.30 for familie/turklasse (utan tid)Påmelding skjer sjølve dagen.


Når det gjeld konkurranse- og trimklasse, melder ein seg på i Eq-timing.
Konkurranseklasse med tidtaking og trim (utan tid) startar kl.11.00.
Vi har klassar for jenter/gutar, junior og senior-damer/menn, samt eigen trimklasse.


Lenke for påmelding:
Erslandsvatnet rundt 21.09.24 (eqtiming.com)
IL Ternen  -  Telefon: 95223888 (Iver Andreas Blokkum)  ilternen@gmail.com  Org.Nr 983 759 572
Dynamiske websider: iDrift AS