Framsida
Meny
Framsida
Reiseplanlegging
Løypeinfo
Utleige Ternebu
Vaktlister 2026
Skirenn
Bildegalleri
Resultatlister
Aktivitetar i Ternen
Sponsor
Medlemskontigent
Møter
Grasrotandel
Ternendress
DUGNAD
Nyhende
Dagens bilete
Hausten er komen til dalen
Linker

Nyhendearkiv

Skidressane er komne!!


Kan hentast på måndagstreninga 23.01.12 frå kl 17.30
660 kr for skidressane til barn, 900 kr for dei vaksne.
Betal kontant eller betal med vedlagt giro.   Il Ternen Iver Blokkum.
 
 22.01.2012

Skismørningskurs på måndag i samband med treninga!

Magne Heien legg opp til ei innføring i skismørning på måndag til foreldre som ikkje kjenner seg så trygg på korleis dette skal gjerast! Velkomen! 
 20.01.2012

Skikarusell i Fjellhaugen 15.01.2012

Kjempeflott oppmøte frå Ternen med 25 deltakande av stort og smått! Den første skikarusellen er no i gong!! I alt tre renn må ein delta på for å få med seg gevinst! Me vonar oppmøtet vert like bra framover! 
Les meir 16.01.2012

Skitrening i Tveitedalen kvar måndag framover!

Frå kl 17.30 på måndagane har me skitrening. Det er lite snø, men me nyttar den som er der!  
 16.01.2012

Skirenn 15.01.12 i Fjellhaugen!

Det er skirenn i Fjellhaugen søndag 15.01.12. Me håpar at alle ungane i Ternen som har mogleghet møter opp! 
Les meir 10.01.2012

Ternen har fått 50 000 kr frå Sparebank 1 stiftinga

Tveitedalen treng ny løypemaskin, og har difor starta på jobben med å få inn pengane. Kostnaden på denne er opp mot 400 000 kr Det var difor stor glede då sparebank 1 stiftinga hadde vald å gje Ternen eit bidrag til dette!
Les meir 07.12.2011
  Forrige
Neste  
Siste nyhende
16.04.2026
Referat frå årsmøtet 15.04.26;

IL Ternen har fått ny leiar. På årsmøtet 15. april 2026 vart Julie Holmedal Askeland, einstemmig valt til å ta over leiarskapet i klubben. Ho vart først valt som møteleiar for årsmøtet, før ho seinare blei foreslått frå benken og deretter valt som ny leiar av klubben.Julie har i mange år vore ein sentral ressurs i Ternen, både i styrearbeid, organisering, prosjektutvikling og som pådrivar for inkluderande aktivitetar. Valet vart godt tatt imot av medlemmane, og årsmøtet uttrykte stor tillit til at ho vil vidareutvikle klubben i ei tid med både vekst og nye satsingar.

StyrevalÅrsmøtet gjorde fleire val og gjenval:
•Julie Holmedal Askeland – ny leiar
•Olav Sindre Holmedal – nytt styremedlem (2 år)
•Johannes Heien – gjenval (2 år)
•Magne Heien og Iver Blokkum– varamedlemmar
•Torgeir Rusten og Yngvar Skarveland går ut av styret.Me takkar for innsatsen og ynskjer nye styremedlemmer velkomen på laget.

Kort oppsummering av årsmøtet:

Økonomi og budsjettRekneskapen for 2025 blei godkjent, og budsjettet for 2026 vart godkjent etter ei lita redigering mtp. dreneringsarbeid i traseen. Det kom innspel om investeringar i breiare løypetrase på sørvestsida av vatnet, oppgradering av bruer og mogleg omlegging av traseen før Sveabakken, dette må sjåast på i eit lengre perspektiv, men styret tek innspelet med vidare.

Anlegg og løypearbeidÅrsmøtet vedtok å investere i:
•flislegging i siste del av løypetrase
•bruk av gravemaskin for å leggje nye røyr i samband med drenering
•ferdigstille arbeid med neveplast-prosjektet etter påfyll av flis.
•ferdigstille fellesarealet i tråd med planen på søkte midlar
•avvente sal av utstyr til ein har kartlagt behovet
•jobbe systematisk med kartlegging og utsjekk mtp. innkjøp av snøproduksjonsutstyr.

Aktivitet og rekruttering
•Gratis deltaking på barneskirenn/løp for barn opp til 12 år
•Forslag om å arrangere felles Ternen-buss til større skirenn som t.d. Birken, dette skal styret jobba vidare med.
•Iver lanserte idé om sosial løpetrening annakvar veke med oppstart til hausten.
•Johannes følgjer opp forslag om familieterrengløp i løypetraseen i Tveitedalen - november 2026.
•I tillegg melde Magne og Iver seg som trenarar for vaksen-skitrening parallelt med barneskitreninga.

Utstyr og satsing på barn og ungeÅrsmøtet vedtok å setje av 100 000 kroner til innkjøp av rulleskiutstyr for barn – eit viktig tiltak for å styrke rekruttering og aktivitet heile året.

Jubileumsfeiring - Ternen 50 år!Det vart drøfta fleire idear for markering av jubileet, mellom anna i samband med løp rundt Erslandsvatnet i september og mogleg kombinere eit nytt terrengløp i Tveitedalen med ein jubileumsfest på Utåker bygdahus i starten av november. Styret jobbar vidare med planlegging.

Ei framtidsretta retning for IL TernenMed ny leiar og eit engasjert styre ser IL Ternen fram mot eit aktivt år med fokus på utvikling, rekruttering, meistring og gode opplevingar for både barn, unge og vaksne i bygdene våre.
12.03.2026
TERNENBASAR 22.MARS
Idrettslaget Ternen invitere til årets Ternenbasar i Utåker bygdahus, sundag 22.mars kl.15.

Program:

·       Åresal
·       Trekning av bøker(boklotteri)
·       Trekning turbøker
·       Div. informasjon frå Idrettslag



Gratis kaker og kaffi



Me håpar du har lyst til å koma å tilbringa ein ettermiddag saman med gode sambygdingar.


Dersom du ynskjer å kjøpa lodd kan du vippsa til Julie (97738651), så fører ho deg inn i loddbøkene våre.
12.03.2026
Årsmøte 2026

Styret kallar med dette inn til årsmøte i IL Ternen, onsdag 15.april kl.18.00, i Ternebu.Saker som du/de meiner bør bli tatt opp på årsmøtet, må meldast i frå til styret innan onsdag 01.04.26
Send e-post til:
julie.askeland80@gmail
hakonaskeland75@gmail.com

eller ring/send sms:
Julie H.Askeland: 97738651
Håkon Askeland: 90968737

Fullstendig saklista med alle saksdokumenter vil bli gjort tilgjengeleg på årsmøtet.

Velkomen til årsmøte!
Med vennleg helsing
Styret 
14.04.2025
Årsmøte
Årsmøte Utsatt til MANDAG 12.05.25
16.02.2025
Kvinnheradmeisterskap 23.02.25

Idrettslaget Ternen inviterer til Kvinnheradkarusellen og Kvinnherameisterskap på ski i klassisk stil, 23.februar kl.13.00
Stad:                    Tveitedalen
Stilart:                  Klassisk, intervallstart enkelstart.
Påmelding:           Kvinnheradmeisterskap på ski, Tveitedalen 23.02.25
IL Ternen  -  Telefon: 97738651 (Julie H.Askeland)  ilternen@gmail.com  Org.Nr 983 759 572
Dynamiske websider: iDrift AS