 |
|
SISTE MINIPUTCUP PÅ HUSNES SØNDAG 20 OKTOBER! | Her kjem endelig det siste kampoppsettet for cupen. Trio har ombestemt seg nok ein gong og no skal G07 laget vårt spele i 06 klassen. Alle laga spelar ganske samstundes og er dermed ferdig ganske tidleg for ein gongs skuld! Siste cupen i år - full innsats!!!
Hugs å ha med leggskinn, mat, drikke og godt humør!!! G06 laget er no vekke så det går etter følgande oppsett under!
Vel møtt!!! | | | Kampoppsett miniputcup Kvednabekkjen søndag 20.oktober. | | | ENDELIG KAMPOPPSETTMINIPUTCUP HUSNES 20.OKTOBER (Nok ein gong har Trioombestemt seg og no skal G07 spele i G06 klassen.)
| | | GUTAR 05 Bane Kl. 1 10.00 Halsnøy G05-Blå – Ternen G05 2 10.50 Ternen G05 – Rosendal G05-rød 2 12.05 Ternen G05 – Trio Husnes G05-2 | | | JENTER 05 Bane Kl. 5 10.00 Rosendal J05 – Ternen J05 5 11.40 Ternen J05 – Trio Husnes J05-1 5 12.30 Trio Husnes J05-2 – Ternen J05 | | | GUTAR 07 Bane Kl. 4 11.15 Ternen G07 – Halsnøy G06 3 11.40 Trio Valen G06 – Ternen G07 4 12.30 Rosendal G06 kvit – Ternen G07 | | | | | | | | | | |
| |
|
| Siste nyhende | | | | 16.04.2026 | Referat frå årsmøtet 15.04.26; | IL Ternen har fått ny leiar. På årsmøtet 15. april 2026 vart Julie Holmedal Askeland, einstemmig valt til å ta over leiarskapet i klubben. Ho vart først valt som møteleiar for årsmøtet, før ho seinare blei foreslått frå benken og deretter valt som ny leiar av klubben.Julie har i mange år vore ein sentral ressurs i Ternen, både i styrearbeid, organisering, prosjektutvikling og som pådrivar for inkluderande aktivitetar. Valet vart godt tatt imot av medlemmane, og årsmøtet uttrykte stor tillit til at ho vil vidareutvikle klubben i ei tid med både vekst og nye satsingar.
StyrevalÅrsmøtet gjorde fleire val og gjenval: •Julie Holmedal Askeland – ny leiar •Olav Sindre Holmedal – nytt styremedlem (2 år) •Johannes Heien – gjenval (2 år) •Magne Heien og Iver Blokkum– varamedlemmar •Torgeir Rusten og Yngvar Skarveland går ut av styret.Me takkar for innsatsen og ynskjer nye styremedlemmer velkomen på laget.
Kort oppsummering av årsmøtet:
Økonomi og budsjettRekneskapen for 2025 blei godkjent, og budsjettet for 2026 vart godkjent etter ei lita redigering mtp. dreneringsarbeid i traseen. Det kom innspel om investeringar i breiare løypetrase på sørvestsida av vatnet, oppgradering av bruer og mogleg omlegging av traseen før Sveabakken, dette må sjåast på i eit lengre perspektiv, men styret tek innspelet med vidare.
Anlegg og løypearbeidÅrsmøtet vedtok å investere i: •flislegging i siste del av løypetrase •bruk av gravemaskin for å leggje nye røyr i samband med drenering •ferdigstille arbeid med neveplast-prosjektet etter påfyll av flis. •ferdigstille fellesarealet i tråd med planen på søkte midlar •avvente sal av utstyr til ein har kartlagt behovet •jobbe systematisk med kartlegging og utsjekk mtp. innkjøp av snøproduksjonsutstyr.
Aktivitet og rekruttering •Gratis deltaking på barneskirenn/løp for barn opp til 12 år •Forslag om å arrangere felles Ternen-buss til større skirenn som t.d. Birken, dette skal styret jobba vidare med. •Iver lanserte idé om sosial løpetrening annakvar veke med oppstart til hausten. •Johannes følgjer opp forslag om familieterrengløp i løypetraseen i Tveitedalen - november 2026. •I tillegg melde Magne og Iver seg som trenarar for vaksen-skitrening parallelt med barneskitreninga.
Utstyr og satsing på barn og ungeÅrsmøtet vedtok å setje av 100 000 kroner til innkjøp av rulleskiutstyr for barn – eit viktig tiltak for å styrke rekruttering og aktivitet heile året.
Jubileumsfeiring - Ternen 50 år!Det vart drøfta fleire idear for markering av jubileet, mellom anna i samband med løp rundt Erslandsvatnet i september og mogleg kombinere eit nytt terrengløp i Tveitedalen med ein jubileumsfest på Utåker bygdahus i starten av november. Styret jobbar vidare med planlegging.
Ei framtidsretta retning for IL TernenMed ny leiar og eit engasjert styre ser IL Ternen fram mot eit aktivt år med fokus på utvikling, rekruttering, meistring og gode opplevingar for både barn, unge og vaksne i bygdene våre.
| | 12.03.2026 | TERNENBASAR 22.MARS | Idrettslaget Ternen invitere til årets Ternenbasar i Utåker bygdahus, sundag 22.mars kl.15.
Program:
· Åresal · Trekning av bøker(boklotteri) · Trekning turbøker · Div. informasjon frå Idrettslag
Gratis kaker og kaffi
Me håpar du har lyst til å koma å tilbringa ein ettermiddag saman med gode sambygdingar.
Dersom du ynskjer å kjøpa lodd kan du vippsa til Julie (97738651), så fører ho deg inn i loddbøkene våre.
| | 12.03.2026 | Årsmøte 2026 | Styret kallar med dette inn til årsmøte i IL Ternen, onsdag 15.april kl.18.00, i Ternebu.Saker som du/de meiner bør bli tatt opp på årsmøtet, må meldast i frå til styret innan onsdag 01.04.26 Send e-post til: julie.askeland80@gmail hakonaskeland75@gmail.com
eller ring/send sms: Julie H.Askeland: 97738651 Håkon Askeland: 90968737
Fullstendig saklista med alle saksdokumenter vil bli gjort tilgjengeleg på årsmøtet.
Velkomen til årsmøte! Med vennleg helsing Styret
| | 14.04.2025 | Årsmøte | Årsmøte Utsatt til MANDAG 12.05.25 | | 16.02.2025 | Kvinnheradmeisterskap 23.02.25 | Idrettslaget Ternen inviterer til Kvinnheradkarusellen og Kvinnherameisterskap på ski i klassisk stil, 23.februar kl.13.00Stad: Tveitedalen Stilart: Klassisk, intervallstart enkelstart. Påmelding: Kvinnheradmeisterskap på ski, Tveitedalen 23.02.25 | | | | |
|
|
IL Ternen - Telefon: 97738651 (Julie H.Askeland) ilternen@gmail.com Org.Nr 983 759 572 |
|
| Dynamiske websider: iDrift AS |