 |
|
Erslandsvatnet rundt 21.09.24 | | | Velkomen til Erslandvatnet rundt, laurdag 21.09.24
Det blir start ved Skarveland skule mellom kl.09.30-10.30 for familie/turklasse (utan tid). Påmelding skjer sjølve dagen.
Når det gjeld konkurranse- og trimklasse, melder ein seg på i Eq-timing. Konkurranseklasse med tidtaking og trim (utan tid) startar kl.11.00. Vi har klassar for jenter/gutar, junior og senior-damer/menn, samt eigen trimklasse.
Lenke for påmelding: Erslandsvatnet rundt 21.09.24 (eqtiming.com) | | Det vert premiering i kvar klasse. I tillegg vert det utlodning av noko kjekt på startnummer. Prisar: Familie kr 150,- Enkeltpåmelding kr 50,- Trimklasse kr 100,- Konkurranseklasse kr 100,- Born (8-15 år) kr 50,-
| | Garderobane ved Skarveland skule vert ope for dei som ynskjer nytte seg av desse fasilitetane. Det vil bli aktivitetar/quiz rundt løypa. Open turkafè Ta med familien og bli med oss på tur! Alle er hjarteleg velkomne :) Arr. -IL Ternen- | | | | | |
| |
|
Eldre nyhende | | | | 16.02.2025 | Kvinnheradmeisterskap 23.02.25 | Idrettslaget Ternen inviterer til Kvinnheradkarusellen og Kvinnherameisterskap på ski i klassisk stil, 23.februar kl.13.00Stad: Tveitedalen Stilart: Klassisk, intervallstart enkelstart. Påmelding: Kvinnheradmeisterskap på ski, Tveitedalen 23.02.25 | | 24.01.2025 | Medlemskontingent 2025 | Det er no sendt ut medlemskontingent for 2025 til dei som er registrerte i MinIdrett. Men me registrerer at det framleis er mange som ikkje har fått registret seg, så me får difor ikkje eit reelt medlemstal. Håpar difor dei som ynskjer og meiner ein tilhøyrer IL Ternen om å melde seg inn.
Det ligg informasjon på fana - medlemskontingent.
Spør gjerne om ein treng hjelp :)
På førehand takk! | | 19.01.2025 | Basar 9.mars 2025 | Heisann gode sambygdingar! Årets Ternen-basar vert 9.mars kl.15.00. Set av datoen!Me håpar mange ynskjer å bidra med gevinster til årets basar Dette er ei viktig inntekt i klubben for å kunne oppretthalde eit variert lågterskeltilbod Gevinster kan leverast til Iver Andreas Blokkum , Vibeke Skåle eller Julie Holmedal Askeland. Alle aktive medlemmer må levere minst 1 gevinst Bøker vert snart delt ut etter områder (som tidlegare) for loddsal. Håpar på positiv respons og engasjement rundt loddsalet Me er svært takksame for alle som bidrar.Kjem tilbake til kva anna hjelp me treng når det nærmar seg | | 28.10.2024 | Dugnad i Ternebu | Dugnad i Ternebu!! Måndagar 16.30-21.00 No har me komt godt igang med oppussing av kjøkken samt ombygging/oppussing av toaletta i hovedetg. Der me no får eit toalett som skal vera open 24/7 for alle som nyttar dalen året rundt. Har du mulighet å vera med å hjelpa? Ta kontakt med Iver Andreas Blokkum 95223888 | | 12.09.2024 | Erslandsvatnet rundt 21.09.24 | Velkomen til Erslandvatnet rundt, laurdag 21.09.24Det blir start ved Skarveland skule mellom kl.09.30-10.30 for familie/turklasse (utan tid). Påmelding skjer sjølve dagen. Når det gjeld konkurranse- og trimklasse, melder ein seg på i Eq-timing.Konkurranseklasse med tidtaking og trim (utan tid) startar kl.11.00.Vi har klassar for jenter/gutar, junior og senior-damer/menn, samt eigen trimklasse. Lenke for påmelding: Erslandsvatnet rundt 21.09.24 (eqtiming.com) | | | | |
|
IL Ternen - Telefon: 95223888 (Iver Andreas Blokkum) ilternen@gmail.com Org.Nr 983 759 572 |
|
Dynamiske websider: iDrift AS |