 |
|
KVINNHERADMEISTERSKAP 2016 | | | | Årets Kvinnheradmeisterskap vert søndag 13.03.2016 kl.1300 Her finn du link for påmelding: https://reg.eqtiming.no/?EventUID=24244
Barnerenn kl.1200 | | | IL Ternen inviterer til Kvinnheradmesterskapet på langrenn i Tveitedalen 13.03.2016 KL 13.00. Påmelding stenger laurdag 12.03 kl.12.00. Barneskirenn frå kl 12.00. Påmelding frå kl 11.00 Barneskirenn. Løype til Sandtaket og attende. J/G 8-9 år 1km. J/G 10-12år 2km. J/G 13-14år 3km. J15, G15, J16, G16, K17-20 og kvinner senior 5km M17-20, menn senior og alle veteranklasser 10km Pris: 8-12 år kr 60,- Frå 13 år - kr 80,- DERSOM KLUBBEN YNSKJER Å BETALE FOR FELLES PÅMELDING, LEGG EIN INN KLUBBEN SI FAKTURAADRESSE I FAKTURAFELTET. EIN KAN OGSÅ HA FELLESPÅMELDING: TRYKK DA PÅ 'MELD PÅ ANDRE'. LEGG SÅ INN ANTAL EIN SKAL MELDA PÅ, DERETTER KJEM DET OPP FELT FOR KVAR LØPAR. LEGG INN PERSONALIA TIL KVAR EINSKILD LØPAR HER. SPØRSMÅL VERD. DETTE, KONTAKT HÅKON ASKLAND: 90968737 Rennkontor: I Ternebu frå kl.11.00 renndag. Startnummer: Hentast samla for kvar klubb på rennkontoret. I Ternenbu. Etterpåmelding kl 1100-1130. Rennkontor. | | | | | | | |
| |
|
| Siste nyhende | | | | 16.04.2026 | Referat frå årsmøtet 15.04.26; | IL Ternen har fått ny leiar. På årsmøtet 15. april 2026 vart Julie Holmedal Askeland, einstemmig valt til å ta over leiarskapet i klubben. Ho vart først valt som møteleiar for årsmøtet, før ho seinare blei foreslått frå benken og deretter valt som ny leiar av klubben.Julie har i mange år vore ein sentral ressurs i Ternen, både i styrearbeid, organisering, prosjektutvikling og som pådrivar for inkluderande aktivitetar. Valet vart godt tatt imot av medlemmane, og årsmøtet uttrykte stor tillit til at ho vil vidareutvikle klubben i ei tid med både vekst og nye satsingar.
StyrevalÅrsmøtet gjorde fleire val og gjenval: •Julie Holmedal Askeland – ny leiar •Olav Sindre Holmedal – nytt styremedlem (2 år) •Johannes Heien – gjenval (2 år) •Magne Heien og Iver Blokkum– varamedlemmar •Torgeir Rusten og Yngvar Skarveland går ut av styret.Me takkar for innsatsen og ynskjer nye styremedlemmer velkomen på laget.
Kort oppsummering av årsmøtet:
Økonomi og budsjettRekneskapen for 2025 blei godkjent, og budsjettet for 2026 vart godkjent etter ei lita redigering mtp. dreneringsarbeid i traseen. Det kom innspel om investeringar i breiare løypetrase på sørvestsida av vatnet, oppgradering av bruer og mogleg omlegging av traseen før Sveabakken, dette må sjåast på i eit lengre perspektiv, men styret tek innspelet med vidare.
Anlegg og løypearbeidÅrsmøtet vedtok å investere i: •flislegging i siste del av løypetrase •bruk av gravemaskin for å leggje nye røyr i samband med drenering •ferdigstille arbeid med neveplast-prosjektet etter påfyll av flis. •ferdigstille fellesarealet i tråd med planen på søkte midlar •avvente sal av utstyr til ein har kartlagt behovet •jobbe systematisk med kartlegging og utsjekk mtp. innkjøp av snøproduksjonsutstyr.
Aktivitet og rekruttering •Gratis deltaking på barneskirenn/løp for barn opp til 12 år •Forslag om å arrangere felles Ternen-buss til større skirenn som t.d. Birken, dette skal styret jobba vidare med. •Iver lanserte idé om sosial løpetrening annakvar veke med oppstart til hausten. •Johannes følgjer opp forslag om familieterrengløp i løypetraseen i Tveitedalen - november 2026. •I tillegg melde Magne og Iver seg som trenarar for vaksen-skitrening parallelt med barneskitreninga.
Utstyr og satsing på barn og ungeÅrsmøtet vedtok å setje av 100 000 kroner til innkjøp av rulleskiutstyr for barn – eit viktig tiltak for å styrke rekruttering og aktivitet heile året.
Jubileumsfeiring - Ternen 50 år!Det vart drøfta fleire idear for markering av jubileet, mellom anna i samband med løp rundt Erslandsvatnet i september og mogleg kombinere eit nytt terrengløp i Tveitedalen med ein jubileumsfest på Utåker bygdahus i starten av november. Styret jobbar vidare med planlegging.
Ei framtidsretta retning for IL TernenMed ny leiar og eit engasjert styre ser IL Ternen fram mot eit aktivt år med fokus på utvikling, rekruttering, meistring og gode opplevingar for både barn, unge og vaksne i bygdene våre.
| | 12.03.2026 | TERNENBASAR 22.MARS | Idrettslaget Ternen invitere til årets Ternenbasar i Utåker bygdahus, sundag 22.mars kl.15.
Program:
· Åresal · Trekning av bøker(boklotteri) · Trekning turbøker · Div. informasjon frå Idrettslag
Gratis kaker og kaffi
Me håpar du har lyst til å koma å tilbringa ein ettermiddag saman med gode sambygdingar.
Dersom du ynskjer å kjøpa lodd kan du vippsa til Julie (97738651), så fører ho deg inn i loddbøkene våre.
| | 12.03.2026 | Årsmøte 2026 | Styret kallar med dette inn til årsmøte i IL Ternen, onsdag 15.april kl.18.00, i Ternebu.Saker som du/de meiner bør bli tatt opp på årsmøtet, må meldast i frå til styret innan onsdag 01.04.26 Send e-post til: julie.askeland80@gmail hakonaskeland75@gmail.com
eller ring/send sms: Julie H.Askeland: 97738651 Håkon Askeland: 90968737
Fullstendig saklista med alle saksdokumenter vil bli gjort tilgjengeleg på årsmøtet.
Velkomen til årsmøte! Med vennleg helsing Styret
| | 14.04.2025 | Årsmøte | Årsmøte Utsatt til MANDAG 12.05.25 | | 16.02.2025 | Kvinnheradmeisterskap 23.02.25 | Idrettslaget Ternen inviterer til Kvinnheradkarusellen og Kvinnherameisterskap på ski i klassisk stil, 23.februar kl.13.00Stad: Tveitedalen Stilart: Klassisk, intervallstart enkelstart. Påmelding: Kvinnheradmeisterskap på ski, Tveitedalen 23.02.25 | | | | |
|
|
IL Ternen - Telefon: 97738651 (Julie H.Askeland) ilternen@gmail.com Org.Nr 983 759 572 |
|
| Dynamiske websider: iDrift AS |