Framsida
Meny
Framsida
Reiseplanlegging
Løypeinfo
Utleige Ternebu
Vaktlister 2025
Skirenn 2024
Bildegalleri
Resultatlister
Aktivitetar i Ternen
Sponsor
Medlemskontigent
Møter
Grasrotandel
Ternendress
DUGNAD
Nyhende
Dagens bilete
Hausten er komen til dalen
Linker

Kioskvakter for 2025

Klikk på bilete for full storleik
 
Me set stor pris på at ein deler av si tid til å skape ei positiv oppleving og gode minner for små og store.

Minner om at ein sjølv er ansvarleg å byte innbydes dersom tidspunktet ikkje høver.

Nøklar heng i kodeboks på veggen. Kontakt Håkon (90968737) eller Julie (97738651) for kode.
 

Generelt 

  • Det finnes ferdig vaffelrøra for dei som ikkje klarer å lage på eigahand eller etter oppskrifta som heng på skapdøra. Ingrediensar i kjøleskap og i skuffa under disken.
 
  • Kok kaffi, sett fram ei mugge med vatn og saft, sett fram frukt, sjokolade, toddy/kakao, det me har for sal. Me prøver å etterstreba eit litt sunnare kosthald.
     
  • Tekokaren står framme så folk kan koka etter kvart til kakao/toddy/te.
  •  
  • Ein kan gjerne ta med noko ein har baka sjølv og selge viss ein vil.
  •  
  • Ein har ansvar for at de ter nok papir på toaletta, bossposar i spanna, og hyggeleg i Ternebu. Papir er på kottet i gongen.
  •  
  • Ein skal vaske av alle borda, setje opp stolar og vaske over golv,   toalett, og sjå til at loftet er ryddig.
  •  
  • Brukte oppvaskhandklede/klutar og moppar vert samla opp og sett på i kjellaren.
  •  
  • Bosset skal ned til kontaineren i kryssen, heilt nede på hovudvegen før Ølfernes.
  •  
  • Vekslepengar får ein etter avtale, det skal ikkje liggje for mykje pengar att i kassen- ca 500 kr i smått og litt stort skal til ei kvar tid liggje i boksen, men aldri meir. Yngvar tek imot større summar og sett det in på Ternen sin konto.
  •  
  • Matvarer som manglar, må meldast til nestemann på lista som kan handle inn og setjast på: IL Ternen på Spar Valen, eller gi melding til Julie (97738651).
  •  
  • Kjekt at de gjev oss litt av di tid til å halda Ternebu open - det er gull verdt for å skapa ein positiv og god stemning i dalen.
     


    Tusen takk til alle!


    For styret,

    Iver Andreas Blokkum

    -leiar-

     
     
    Vaktliste for sesong 2025
     
     
      Tilbake

     
    Eldre nyhende
    28.10.2024
    Dugnad i Ternebu
    Dugnad i Ternebu!!
    Måndagar 16.30-21.00

    No har me komt godt igang med oppussing av kjøkken samt ombygging/oppussing av toaletta i hovedetg. Der me no får eit toalett som skal vera open 24/7 for alle som nyttar dalen året rundt. 

    Har du mulighet å vera med å hjelpa? 

    Ta kontakt med Iver Andreas Blokkum 95223888
    12.09.2024
    Erslandsvatnet rundt 21.09.24

    Velkomen til Erslandvatnet rundt, laurdag 21.09.24


    Det blir start ved Skarveland skule mellom kl.09.30-10.30 for familie/turklasse (utan tid)Påmelding skjer sjølve dagen.


    Når det gjeld konkurranse- og trimklasse, melder ein seg på i Eq-timing.
    Konkurranseklasse med tidtaking og trim (utan tid) startar kl.11.00.
    Vi har klassar for jenter/gutar, junior og senior-damer/menn, samt eigen trimklasse.


    Lenke for påmelding:
    Erslandsvatnet rundt 21.09.24 (eqtiming.com)
    15.03.2024
    NY SPONSOR - SMV
    Me er så heldige at me har fått med oss ny sponsor på laget vårt.
    SMV i Skånevik har nyleg signert ein 3-års kontrakt med oss.

    Me er svært audmjuk og takksam!
    15.03.2024
    OPEN NETTBUTIKK

    Open nettbutikk

    Då kan me gleda dykk med at nettbutikken er open, og vil vera open fram til 24.03.24 kl.23.59.


    15.03.2024
    Basar sundag 17.03.24
    Idrettslaget Ternen inviterer til basar sundag, 17.03.24 kl.16.00 i Skarveland Skule
    IL Ternen  -  Telefon: 95223888 (Iver Andreas Blokkum)  ilternen@gmail.com  Org.Nr 983 759 572
    Dynamiske websider: iDrift AS