|
|
Kioskvakter for 2024 | | | Me set stor pris på at ein deler av si tid til å skape ei positiv oppleving og gode minner for små og store.
Minner om at ein sjølv er ansvarleg å byte innbydes dersom tidspunktet ikkje høver. | | Generelt: | | · Nøklar får ein viss ein kontaktar Gro, Håkon, Magne
· Det finnes ferdig vaffelrøra for dei som ikkje klarer å mekke ei solid ei på eiga hand eller etter oppskrifta som heng på skapdøra. Ingrediensar i kjøleskap og i langskapet. | | · Kok kaffi , sett fram ei mugge med vatn og saft, sett fram frukt,sjokolade, toddy/kakao, alt me har for sal. Me prøver å etterstrebar eit litt sunnare kosthald. | | · Tekokaren står framme så folk kan koka etter kvart til kakao/toddy/te | | · Ein kan gjerna ta med noko ein har baka sjølv og selga viss ein vil. | | · Ein har ansvar for at det er nok papir på toaletta, bossposar i spanna, og hyggeleg i Ternebu. Papir er på kottet ved ytterdøra. | | · Ein skal vaske av alle borda, setje opp stolar og vaske over golv, toalett, og sjå til at loftet er ryddig. | | · Brukte oppvaskhandklede/klutar og moppar kan setjast på i kjellaren, eller samlast opp og leverast til Gro. | | · Bosset skal ned til kontaineren til turistane i kryssen heilt nede på hovudvegen før Ølfernes. | | · Vekslepengar får ein etter avtale, det skal ikkje liggje for mykje pengar att i kassen- ca 1000 kr i smått og litt stort skal til ei kvar tid liggje i boksen, men aldri meir. Gro og Yngvar tek imot større summar og sett det inn på Ternen sin konto. | | · Matvarer som manglar, må meldast til Gro på SMS 90875737, eller handlast inn og setjast på il Ternen på Spar Valen. | | · Kjekt at de gjev oss litt av di tid til å halde Ternebu open- det er gull verdt for å skapa ein positiv og god stemning i dalen. | | | | For styret, Iver Andreas Blokkum | | | | | | | |
| |
|
Eldre nyhende | | | | 15.03.2024 | NY SPONSOR - SMV | Me er så heldige at me har fått med oss ny sponsor på laget vårt. SMV i Skånevik har nyleg signert ein 3-års kontrakt med oss.
Me er svært audmjuk og takksam! | | 15.03.2024 | OPEN NETTBUTIKK | Open nettbutikk
Då kan me gleda dykk med at nettbutikken er open, og vil vera open fram til 24.03.24 kl.23.59.
| | 15.03.2024 | Basar sundag 17.03.24 | Idrettslaget Ternen inviterer til basar sundag, 17.03.24 kl.16.00 i Skarveland Skule | | 13.02.2024 | Karusellrenn 18.februar | Skirenn i Tveitedalen sundag 18.februar kl.13.00 Barnerenn kl.12.00 | | 15.09.2023 | Erslandsvatnet rundt + Opning av Erslandsparken | Velkomen til Erslandsvatnet rundt 23.09 og opning av Erslandsparken 24.09
| | | | |
|
IL Ternen - Telefon: 95223888 (Iver Andreas Blokkum) ilternen@gmail.com Org.Nr 983 759 572 |
|
Dynamiske websider: iDrift AS |