 |
|
Kioskvakter for 2023 | | | Det er supert at dei som er med og står på ski har ein kvar sin dugnadsrunde i kiosken. Dette er i grunnen ei kosleg stund for store og små!
| | Generelt: | | · Nøklar får ein viss ein kontaktar Gro, Håkon, Magne eller Yngvar- sjå tlfnr oppe | | · Det finnes ferdig vaffelrøra for dei som ikkje klarer å mekke ei solid ei på eiga hand eller etter oppskrifta som heng på skapdøra. Ingrediensar i kjøleskap og i langskapet. | | · Kok kaffi , sett fram ei mugge med vatn og saft, sett fram frukt,sjokolade, toddy/kakao, alt me har for sal. Me prøver å etterstrebar eit litt sunnare kosthald. | | · Tekokaren står framme så folk kan koka etter kvart til kakao/toddy/te | | · Ein kan gjerna ta med noko ein har baka sjølv og selga viss ein vil. | | · Ein har ansvar for at det er nok papir på toaletta, bossposar i spanna, og hyggeleg i Ternebu. Papir er på kottet ved ytterdøra. | | · Ein skal vaske av alle borda, setje opp stolar og vaske over golv, toalett, og sjå til at loftet er ryddig. | | · Brukte oppvaskhandklede/klutar og moppar kan setjast på i kjellaren, eller samlast opp og leverast til Gro. | | · Bosset skal ned til kontaineren til turistane i kryssen heilt nede på hovudvegen før Ølfernes. | | · Vekslepengar får ein etter avtale, det skal ikkje liggje for mykje pengar att i kassen- ca 1000 kr i smått og litt stort skal til ei kvar tid liggje i boksen, men aldri meir. Gro og Yngvar tek imot større summar og sett det inn på Ternen sin konto. | | · Matvarer som manglar, må meldast til Gro på SMS 90875737, eller handlast inn og setjast på il Ternen på Spar Valen. | | · Kjekt at de gjev oss litt av di tid til å halde Ternebu open- det er gull verdt for å skapa ein positiv og god stemning i dalen. | | | | For styret, Gro R. Saghaug | | | | | | | | | |
| |
|
Siste nyhende | | | | 15.09.2023 | Erslandsvatnet rundt + Opning av Erslandsparken | Velkomen til Erslandsvatnet rundt 23.09 og opning av Erslandsparken 24.09
| | 10.04.2023 | Innkalling til Årsmøte i Ternebu, Onsdag 03.05.23 kl. 18 |
| | 19.01.2023 | Open nettbutikk | Vi har no opna nettbutikken fram til 29.01.23.
| | 26.10.2022 | Nye sponsorar 2022-2024 | Me i IL Ternen er så heldige at me har inngått sponsoravtale med 9 stk lokale bedrifter. Vi er både takksam og audmjuk, ettersom dette bidrar til at vi kan forsetje arbeidet vårt med å tilby eit lågterskeltilbod for Kvinnherad kommune sine innbyggjarar, og ikkje minst tilby flotte løyper i dalen på vinteren. | | 03.10.2022 | Medlemskap i Ternen | Lyst til å bli medlem i klubben vår? Les vidare for meir info... | | | | |
|
IL Ternen - Telefon: 90 87 57 37(Gro) ilternen@gmail.com Org.Nr 983 759 572 |
|
Dynamiske websider: iDrift AS |