 |
|
Kioskvakter i buo er klar! | Det er supert at dei som er med og står på ski har ein kvar sin dugnadsrunde i kiosken. Dette er i grunnen ei kosleg stund for store og små!
| | Generelt: | | · Nøklar får ein viss ein kontaktar Gro, Magne eller Yngvar- sjå tlfnr oppe | | · Det finnes ferdig vaffelrøra for dei som ikkje klarer å mekke ei solid ei på eiga hand eller etter oppskrifta som heng på skapdøra. Ingrediensar i kjøleskap og i langskapet. | | · Kok kaffi , sett fram ei mugge med vatn og saft, sett fram frukt,sjokolade, toddy/kakao, alt me har for sal. Me prøver å etterstrebar eit litt sunnare kosthald. | | · Tekokaren står framme så folk kan koka etter kvart til kakao/toddy/te | | · Ein kan gjerna ta med noko ein har baka sjølv og selga viss ein vil. | | · Ein har ansvar for at det er nok papir på toaletta, bossposar i spanna, og hyggeleg i Ternebu. Papir er på kottet ved ytterdøra. | | · Ein skal vaske av alle borda, setje opp stolar og vaske over golv, toalett, og sjå til at loftet er ryddig. | | · Brukte oppvaskhandklede/klutar og moppar kan setjast på i kjellaren, eller samlast opp og leverast til Gro. | | · Bosset skal ned til kontaineren til turistane i kryssen heilt nede på hovudvegen før Ølfernes. | | · Vekslepengar får ein etter avtale, det skal ikkje liggje for mykje pengar att i kassen- ca 1000 kr i smått og litt stort skal til ei kvar tid liggje i boksen, men aldri meir. Gro og Yngvar tek imot større summar og sett det inn på Ternen sin konto. | | · Matvarer som manglar, må meldast til Gro på SMS 90875737, eller handlast inn og setjast på il Ternen på Spar Valen. | | · Kjekt at de gjev oss litt av di tid til å halde Ternebu open- det er gull verdt for å skapa ein positiv og god stemning i dalen. | | · Vaktlista er alle satt opp to gonger, men sannsynlevis varer ikkje sesongen så lenge. | | | | For styret, Gro R. Saghaug | | | | | | | | | |
| |
|
Eldre nyhende | | | | 05.03.2022 | Tveitedalen Open, 12.Mars | | | 01.09.2019 | Årsmøte / Saksliste 27.08.2020 | Ternen inviterer til årsmøte 27.08.2020 | | 05.03.2019 | Saksliste til årsmøte i IL Ternen 21.05.2019 KL 18.00 | | | 30.01.2019 | Karusellrenn 5.februar |
Ternen ynskjer velkomen til det 2. karusellrennet 5.februar 2019.Her finn de nettadressa for påmelding:https://signup.eqtiming.no/Pamelding/Kvinnherad-karusellen-renn-2-Tveitedalen/g295.12781?Event=IL_Ternen
Velkomne alle saman.
NB!Barnerenn kl.18.00. Premie til alle opp til 10 år.
| | 11.01.2019 | Skistavar og skisko? | Er det nokon som har skistavar og skisko (nnn-binding) liggande? (Stavar: 100-160cm)(Sko:str.28 og oppover)Vi har fått sponsa 10 par ski (130-170 cm)i frå Sport1, og ynskjer difor å suplere for utlån. Planen er å få til eit utlån for dei som ikkje har.Ta kontakt med Håkon (tlf.90968737)
På forhånd takk :) | | | | |
|
IL Ternen - Telefon: 90 87 57 37(Gro) grors75@gmail.com Org.Nr 983 759 572 |
|
Dynamiske websider: iDrift AS |