Framsida
Meny
Framsida
Reiseplanlegging
Løypeinfo
Ternebu
Vaktlister 2019
Skirenn 2019
VARDEN OPP
Postvegløpet 2019
BIDRAG
BIRKEN 2017
PLANAR
Bildegalleri
Resultatlister
Aktivitetar i Ternen
Sponsor
Medlemskontigent
MØTER
Ferdige prosjekter
GRASROTANDELEN
TERNENDRESSEN
Nyhende
Dagens bilete
Fine forhold i dalen
Linker

Kioskvakter i buo er klar!

Det er supert at dei som er med og står på ski har ein kvar sin dugnadsrunde i kiosken. Dette er i grunnen ei kosleg stund for store og små!
 

Generelt:

 

·        Nøklar får ein viss ein kontaktar Gro, Magne eller Yngvar- sjå tlfnr oppe

 

·        Det finnes ferdig vaffelrøra for dei som ikkje klarer å mekke ei solid ei på eiga hand eller etter oppskrifta som heng på skapdøra. Ingrediensar i kjøleskap og i langskapet.

 

·        Kok kaffi , sett fram ei mugge med vatn og saft, sett fram frukt,sjokolade, toddy/kakao, alt me har for sal. Me prøver å etterstrebar eit litt sunnare kosthald.

 

·        Tekokaren står framme så folk kan koka etter kvart til kakao/toddy/te

 

·        Ein kan gjerna ta med noko ein har baka sjølv og selga viss ein vil.

 

·        Ein har ansvar for at det er nok papir på toaletta, bossposar i spanna, og hyggeleg i Ternebu. Papir er på kottet ved ytterdøra.

 

·        Ein skal vaske av alle borda, setje opp stolar og vaske over golv, toalett, og sjå til at loftet er ryddig.

 

·        Brukte oppvaskhandklede/klutar og moppar kan setjast på i kjellaren, eller samlast opp og leverast til Gro.

 

·        Bosset skal ned til kontaineren til turistane i kryssen heilt nede på hovudvegen før Ølfernes.

 

·        Vekslepengar får ein etter avtale, det skal ikkje liggje for mykje pengar att i kassen- ca 500 kr i smått og litt stort skal til ei kvar tid liggje i boksen, men aldri meir. Gro og Yngvar tek imot større summar og sett det inn på Ternen sin konto.

 

·        Matvarer som manglar, må meldast til Gro på SMS 90875737, eller handlast inn og setjast på il Ternen på Spar Valen.

 

·        Kjekt at de gjev oss litt av di tid til å halde Ternebu open- det er gull verdt for å skapa ein positiv og god stemning i dalen.

 

·        Vaktlista er alle satt opp to gonger, men sannsynlevis varer ikkje sesongen så lenge.

 
 

For styret,

Gro R. Saghaug

 
 
 
 
Vakt_Ternebu_-2019.docx
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
01.09.2019
TERNENBASAR 20.OKTOBER
Heisann godtfolk!
Hausten bankar på døra, og det betyr at årets ternenbasar og nærmar seg. Vi har set av dato 20.10, så fint om de krysser av i kalendaren, og byrjar å tenke på gevinstar :)
Minner om at alle aktive medlemmer på bidra med 2 gevinster, desse kan leverast til Gro, Vibeke eller Julie. 
Frist for levering er 12.10, slik at vi får ei oversikt.
Kjem og snart ut loddbøker. På førehand takk!
Del gjerne bodskapen :)
05.03.2019
Saksliste til årsmøte i IL Ternen 21.05.2019 KL 18.00
30.01.2019
Karusellrenn 5.februar


Ternen ynskjer velkomen til det 2. karusellrennet 5.februar 2019.Her finn de nettadressa for påmelding:https://signup.eqtiming.no/Pamelding/Kvinnherad-karusellen-renn-2-Tveitedalen/g295.12781?Event=IL_Ternen

Velkomne alle saman.

NB!Barnerenn kl.18.00. Premie til alle opp til 10 år.
11.01.2019
Skistavar og skisko?
Er det nokon som har skistavar og skisko (nnn-binding) liggande? (Stavar: 100-160cm)(Sko:str.28 og oppover)Vi har fått sponsa 10 par ski (130-170 cm)i frå Sport1, og ynskjer difor å suplere for utlån. Planen er å få til eit utlån for dei som ikkje har.Ta kontakt med Håkon (tlf.90968737)

På forhånd takk :)
11.01.2019
Vaktliste 2019
No er vaktlistene klare for 2019 sjølv om snøen enno ikkje er komen, men då kan ein planlegge i tilfelle snøfall. Vi prøver til beste evne å legge ut info om løypeforholda i dalen.


Fint om alle sjekker ut kva tid ein har ansvar, og byter innbyrdes om ein ikkje har høve.

På førehand takk :)
IL Ternen  -  Telefon: 90 87 57 37(Gro)  grors75@gmail.com  Org.Nr 983 759 572
Dynamiske websider: iDrift AS