 |
|
Ole Marius Bach, Byåsen. | | | Ole Marius Bach frå Byåsen fekk i dag eit overraskande, men hyggeleg besøk av Jarle Saghaug og Bernt Rusten. | | Under NM-stafetten på Voss forrige helg, viste Ole Marius Bach uvanleg stor sportsånd ovanfor IL Ternen. Reglane er klare, vert du teken att med ein runde under stafetten er det over og ut. | | Magnar Rusten gjekk ut på sin første runde vel vitande om at avstanden bak var litt knapp. 'Eg såg dei tre førande laga på veg ned mot runding når eg var på toppen ovanfor stadion og visste at her fekk det brista eller bera!' sa Magnar etterpå. Bernt Rusten var ute i løypa og sekunderte eigne løparar og skjønte at det kunne stå om sekundar og jaga storebroren av garde. Han ante ikkje kor rett han fekk. | | Spente reprensentantar frå IL Ternen speida etter Magnar og frykta det verste - at gutane ikkje skulle greie å fullføre. Minuttane varte lenge, og Vegar Saghaug heia sågar på feil mann med lik drakt før Magne Heien konstaterte at han var for låg! Vi høyrer speakeren på stadion proklamerer at Ole Marius Bach for Byåsen sit 1.lag er kun sekundar frå målgang og klar siger i NM 2012. | | Så opplever vi som står ute i løypa eit fantastisk øyeblikk som vi seint vil gløyme; på storskjermen vinker Ole Marius Bach til Magnar Rusten slik at han kan få fortsette stafetten! 'Eg hadde brent alt kruttet på førsterunden og tenkte at dett var dett, i år vart det berre 5 km' sa Magnar. 'Når han vinka meg vidare vart eg så glad at eg hadde lyst til å ta han i hånda!!' | | På grunn av denne gesten av Ole Marius Bach, sendte Magne Heien på eige initiativ eit stk Ternen krus og eit takkebrev til Trondheim. Etter avtale med Bernt Rusten og Jarle Saghaug fekk dei ikkje berre overrekt kopp og brev, men og teke bilete av Ole Marius Bach. | | Fylgande kom på e-post frå Trondheim i dag: 'Bach var veldig glad for takkebrevet og koppen. Han sa at det var lite det han gjorde som tjeneste men satte pris på takknemligheten som vart uttrykt. Han var glad for at det vart gull under NM og at Ternen fekk fullføre stafetten. Nå drar han til Estland for å gå Skandinavisk.
Mvh Jarle og Bernt' | | Vi vil på vegne av IL Ternen rose stor sportsånd og takke både Ole Marius og Magnar for eit ubetaleleg minne frå NM på Voss 2012. Sjå Byåsen si heimeside for meir info: | | http://kxweb.no/portal/public/article/show.do;jsessionid=FEF97E10E0351CE84C1B8A0B69B580B6?subType=news&id=9199420 | | | | | | |
| |
|
Eldre nyhende | | | | 14.04.2025 | Årsmøte | Årsmøte Utsatt til MANDAG 12.05.25 | | 16.02.2025 | Kvinnheradmeisterskap 23.02.25 | Idrettslaget Ternen inviterer til Kvinnheradkarusellen og Kvinnherameisterskap på ski i klassisk stil, 23.februar kl.13.00Stad: Tveitedalen Stilart: Klassisk, intervallstart enkelstart. Påmelding: Kvinnheradmeisterskap på ski, Tveitedalen 23.02.25 | | 24.01.2025 | Medlemskontingent 2025 | Det er no sendt ut medlemskontingent for 2025 til dei som er registrerte i MinIdrett. Men me registrerer at det framleis er mange som ikkje har fått registret seg, så me får difor ikkje eit reelt medlemstal. Håpar difor dei som ynskjer og meiner ein tilhøyrer IL Ternen om å melde seg inn.
Det ligg informasjon på fana - medlemskontingent.
Spør gjerne om ein treng hjelp :)
På førehand takk! | | 19.01.2025 | Basar 9.mars 2025 | Heisann gode sambygdingar! Årets Ternen-basar vert 9.mars kl.15.00. Set av datoen!Me håpar mange ynskjer å bidra med gevinster til årets basar Dette er ei viktig inntekt i klubben for å kunne oppretthalde eit variert lågterskeltilbod Gevinster kan leverast til Iver Andreas Blokkum , Vibeke Skåle eller Julie Holmedal Askeland. Alle aktive medlemmer må levere minst 1 gevinst Bøker vert snart delt ut etter områder (som tidlegare) for loddsal. Håpar på positiv respons og engasjement rundt loddsalet Me er svært takksame for alle som bidrar.Kjem tilbake til kva anna hjelp me treng når det nærmar seg | | 28.10.2024 | Dugnad i Ternebu | Dugnad i Ternebu!! Måndagar 16.30-21.00 No har me komt godt igang med oppussing av kjøkken samt ombygging/oppussing av toaletta i hovedetg. Der me no får eit toalett som skal vera open 24/7 for alle som nyttar dalen året rundt. Har du mulighet å vera med å hjelpa? Ta kontakt med Iver Andreas Blokkum 95223888 | | | | |
|
IL Ternen - Telefon: 95223888 (Iver Andreas Blokkum) ilternen@gmail.com Org.Nr 983 759 572 |
|
Dynamiske websider: iDrift AS |